Mot bedre vitende av Ole J. Andersen
Eit fuktig bursdagsselskap får eit tragisk utfall. Den pensjonerte etterforskeren Koivo vert hyra inn for å løysa saken. Dette er ein rusrelatert krim.
- Norsk tittel: Mot bedre vitende
- Forfattar: Ole J. Andersen
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 454
- Utgivelsesår: 2018
- Utgiver: Ole J. Andersen
Ole J. Andersen (Født 1950) bur på Sokna i Buskerud. Han har 40 år bak seg i politiyrket, og er spesialutdanna innen rus og narkotika. Han debuterte som forfattar allereie i 1979 med boka «Politihistorie for Hønefoss». I 2013 kom han ut med sin fyrste bok om eks-politimannen Koivo. «På ville veier – mot ukjent mål» er bok nr sju i denne serien, og kom ut i 2020.
Eit fuktig bursdagsselskap får eit tragisk utfall, og gode venninner får store problem på kvar sitt hold. Kriminalsjef Håkonsen ser ingen anna utvei enn å hyre inn den pensjonerte etterforskeren Koivo. Etterkvart som etterforskninga skrider frem, skjer da fleire alvorlege kriminelle hendingar i byen. Da skal visa seg at fleire av dei mistenkte har internasjonale relasjoner, og det vert ei krevande etterforskning for Koivo.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mot bedre vitende».
Dette er bok nr 5 om den pensjonerte etterforskaren Koivo. Denne kan fint lesast frittståande.
Eg kan fyrst som sist seie at dette ikkje er noke «action-krim». Her er da etterforskninga som er i fokus. Andersen si fortid innan politiyrket kjem godt fram i denne boka. Han skriv overbevisande om rusrelaterte temaer, og har veldig god kjennskap til dette.
Det er forskjellige temaer i denne boka. Sjølvsagt masse rusrelatert, som f.eks kva khat, heroin og kokain gjer med eit menneske, og ikkje minst følgene av både kort og langvarig bruk. Men forfattar har også viet god tid til kunst, overfallsvoldtekter, innvandring, og enkeltes syn på såkalt «lettkledde» norske kvinner. Så spennet er stort her.
Det er også ein god del fakta i denne boka. Blant anna om kunstverk og kunstnere, men også om afrikanske land. Ein får også ei innføring i tankegongen til ein innvandrar med ein anna religion og bakgrunn, på godt og vondt. For da er ingen tvil om at Andersen provoserer med enkelte dialogar og skildringar om samfunnet og dei religiøse skilnadane.
«Gutten hadde reist seg over den mørkhudede mannen: – Du er faen meg ikke riktig klok. Du må snart lære deg hvordan du må oppføre deg i dette landet. Forstår du ikke at du nå er på en kafe, og her kommer bare de som kjøper seg noe drikke og mat. På tide å lære deg norske rutiner og folkeskikk!»
Eg sakna da følelsemessige aspektet ved å mista ein person som stod vedkommande nære. Det virka som personane rundt knapt brydde seg ved eit dødsfall, noko som gjorde at eg ikkje fekk noko emosjonell følelse, men meir eit likegyldig skuldertrekk. Kor vart sorgen av?
Ein anna ting eg undra meg litt over, var at krimsjefen virka til tidar nesten som ein nybyrjar i forhold til Koivo i starten av etterforskninga. Dette kom seg riktignok på slutten.
Plottet er godt, og det er mange lause trådar som Andersen klarar å nøste saman på ein veldig fin måte. Eg følte eg hadde full kontroll på dei involverte, men må innrømma at eg bomma litt når alt kom til alt, så her er det spenning til siste side.
Mange krimbøker idag inneheld masse action og storslåtte scener. I «Mot bedre vitende» er settinga i eit bedagelig og roleg tempo. Forfattar skynder seg langsomt, noko eg fant befriande.
Boka er meget lettlest. Det er korte kapitler, og noko så sjeldent som overskrifter ved kvart kapittel. Dette fungerer veldig bra, sjølv om Andersen kanskje avslører noko av overraskelsesmomentet ved å ha overskrifter.
Denne krimromanen var fengende, der eg berre «måtte» lesa eit kapittel til. Eg håpar fleire får opp augene for Ole J. Andersen sine rusrelaterte krimbøker.
TERNINGKAST: 5-